Jolegåvetre Det er faktisk slik at ikkje alle har moglegheit til å kjøpe gåve til borna sine, eller til nokon dei er glad i, eller til seg sjølve! Dette tilbodet er til deg. Det er og til deg som har lyst til å bidra til at andre får noko dei ønskjer seg. Alle kan melde inn ønskjer, og det er heilt anonymt. Din ønske lapp, kan like gjerne hamne på eit tre på Evje og inneheld kun eit løpenummer som er heilt anonymt.
Besøksven Besøksven-Besøk nokon som har lyst å finne på noko! Me legg til rette for besøk på Byglandsheimen, der frivillige gjer ting saman med bubuarane ei gong i månaden.
Bingo Likar du å spele? Då er dette plassen for deg. Tysdagar 18.00 - 20.00 på Bygland Frivilligsentral
BUA Bygland Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis! For å finne ut kva vi har kan du gå inn på www.bua.no!
Bygdemiddag Når: Annankvar Tysdag Kl. 16.00-17.30 Tykkjer du det er kjedeleg å lage middag? Kunne du ønskje du hadde nokon å ete saman med? Er ettermiddagane travle? Då har me løysinga!
Bygland mekkeklubb Har du lyst å lære deg å skru? Kan du skru frå før av, men har lyst å henge ein stad der det fins verktøy og andre med same interesse?
Følgehjelp Føler du deg utrygg når du skal til legen/sjukehuset? Kanskje du kan få ein frivillig til å følgje deg!
Jolegrantenning Kvar jol markerast jolegrantenninga på Bygland. Bygland Frivilligsentral bidreg med sine frivillige i denne markeringa.
Lyttevenn Bygland Frivilligsentral kan ved hjelp av frivillige tilby lyttevener til elevane på Byglandsfjord skule.
Middagsombringing Tykkjer du det er slitsomt å lage din eigen middag? Kunne du tenkje deg å få middag laga på Byglandsheimen, frakta heim til deg?
Måndagscafe Tykkjer du det hadde vore triveleg å ha ein stad og møte andre av og til? Frivilligsentralen held open cafe annankvar mandag!
Praktisk hjelp i heimen Treng du nokon som kan bere ved for deg? Treng bilen din og støvsugast? Vi har frivillige som kan hjelpe deg med små praktiske gjeremål.
Seniorsenter Er du pensjonist og har lyst å vere sosial på dagtid, men ikkje funne ein møteplass enno? Då må du lese vidare!
Strikkecafe Likar du handarbeid? Har du lyst å treffe andre med same interesse? Kanskje dele litt inspirasjon og handarbeidsglede? Då er denne cafeen rette staden for deg!
Styrketrening Har du lyst å bevege meir på deg, men slit med motivasjonen? Dette skjer kvar torsdag frå 13-15.30 i Byglandshallen!
Teppebowls-carpetbowls Dersom du likar å bevege deg litt, vere saman med andre og få deg ein god latter så er teppebowling noko for deg. Det skjer annankvar torsdag i partalsveker frå kl 16.30 i Byglandshallen .
Transport Har du lyst å kome deg på ein aktivitet, men kan ikkje køyre bil lenger? Kanskje ein frivillig kan køyre deg.
Utkøyring av matvarer og/eller medisin frå butikken? Treng du hjelp til å få tak i hushaldningsvarer/medisin? Vil du bidra med hjelp til å køyre ut hushaldninsvarer/medisin?
Valfag Innsats for andre-Samarbeid med Bygland Oppvekstsenter Fivilligsentralen samarbeider med Bygland Oppvekstsenter om valfaget "Innsats for andre". Elevane i valfaget skal gjere ein innsats for andre. Dette skjer kvar Tysdag frå 12-13.30. For å få dette til, er me avhengige av at me får inn oppdrag. Oppdrag kan meldes inn på sms til 945 10 700. Der skriv du adresse og kva oppdraget er.