Middagsombringing

Tykkjer du det er slitsomt å lage din eigen middag? Kunne du tenkje deg å få middag laga på Byglandsheimen, frakta heim til deg?

To gonger i veka køyrer frivillige frå Frivilligsentralen ut middag frå Byglandsheimen til heimebuande. Det vert køyrt ut mat på tysdag og fredag. Du bestiller mat direkte til Byglandsheimen, og betaler for maten der. Utkøyringa treng du ikkje betale for. 

Dersom dette er noko for deg, kan du kontakte Byglandsheimen på telefon 945 32 940 for å kome i gong.  

Bilete. pixabay.com

2024 © Bygland Frivilligsentral