Velkomen til oss i Bygland!
Alle kan bidra med noko og alle treng ei hand i bland. Vi brenn for at mennesker skal møtas og berike kvarandre. Å bidra for andre gjennom frivillig innsats skapar ny meining i livet. Du kan bidra med det du har lyst til, alle kan vere til nytte. Frivilligsentralen er kort sagt ein møteplass som formidlar kontakt mellom folk i lokalmiljøet.
Nyhende
Foreningsportalen
Her finn du oversikt over alle lag og foreningar i Bygland: Foreningsportal
Kva skjer?
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| Man 01.12 | 12:00 | Måndagscafe | Bygland Frivilligsentral |
| Man 01.12 | 15:00 | Juniorklubb (Byglandshallen) | Sentrum 24, Bygland |
| Man 01.12 | 16:00 | BUA Bygland telefonen bemanna | |
| Man 01.12 | 17:00 | Bygland mekkeklubb | Nesmoen 3, ved Setesdal Hotell |
| Man 01.12 | 17:00 | Functional fitness-styrketrening | Byglandshallen |
Aktivitetar
Det er faktisk slik at ikkje alle har moglegheit til å kjøpe gåve til borna sine, eller til nokon dei er glad i, eller til seg sjølve! Dette tilbodet er til deg. Det er og til deg som har lyst til å bidra til at andre får noko dei ønskjer seg. Alle kan melde inn ønskjer, og det er heilt anonymt. Din ønske lapp, kan like gjerne hamne på eit tre på Evje og inneheld kun eit løpenummer som er heilt anonymt.
Les merBygland Frivlligsentral er så heldige og kunne tilby Besøkshund! Balto og eigaren Maiken har lyst å besøke institusjonar og liknande framover. Balto er på ve til å bli sertifisert som besøkshund gjennom Raude kors.
Les merBesøksven-Besøk nokon som har lyst å finne på noko! Me legg til rette for besøk på Byglandsheimen, der frivillige gjer ting saman med bubuarane ei gong i månaden.
Les merLikar du å spele? Då er dette plassen for deg. Tysdagar 18.00 - 20.00 på Bygland Frivilligsentral
Les merBUA Bygland, Bygland Frivilligsentral og Bygland kommune har ein bil til utlån! Bilen har ni setar, og er kjøpt inn med midlar som er løyvd i frå Kommmunestyret i Bygland. Denne bilen kan køyrast på vanleg sertifikat, og har plass til 8 passasjerar i tillegg til sjåfør. Den har seter som kan slås saman, slik at ein får plass til bagasje ved behov.
Les merBygland Frivilligsentral driv BUA Bygland og BUA Bygland sjølvbetent. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis!
Les merBUA jobber for at barn og unge skal få moglegheit til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar. Bygland Frivilligsetnral driv to BUA-er i Bygland kommune. BUA Bygland sjølvbetent, er open 23 timer i døgnet og befinn seg på Byglandsfjord, rett ved Byglandsfjord oppvekstsenter.
Les merNår: Annankvar Tysdag Kl. 16.00-17.30 Tykkjer du det er kjedeleg å lage middag? Kunne du ønskje du hadde nokon å ete saman med? Er ettermiddagane travle? Då har me løysinga!
Les merHar du lyst å lære deg å skru? Kan du skru frå før av, men har lyst å henge ein stad der det fins verktøy og andre med same interesse?
Les merFøler du deg utrygg når du skal til legen/sjukehuset? Kanskje du kan få ein frivillig til å følgje deg!
Les merKvar jol markerast jolegrantenninga på Bygland. Bygland Frivilligsentral bidreg med sine frivillige i denne markeringa.
Les merBli frivillig
Dei frivillige er i alle aldrar og med heilt ulik bakgrunn. Kvar og ein kan delta i frivilligsentralen, med det du vil! Saknar du noko kan Frivilligsentralen og du skape noko saman! Du kan bidra i dei tenestane me allereie har,sjå på aktivitetane våre for meir info. Kven kan melde seg som frivillig? Kort og godt ALLE!