Lyttevenn

Bygland Frivilligsentral kan ved hjelp av frivillige tilby lyttevener til elevane på Byglandsfjord skule.

Formålet med Lyttevennprosjektet er å byggje ei bru mellom generasjonane, og utvikle ein modell for eldres aktive deltaking i skulen, for å stimulere og motivere leseferdigheit og leselyst hos born i alderen 7 til 9 år, i samarbeid med skulen sitt pedagogiske personale. 

Ei gong i veka har me frivillige som møter opp på skulen og tek ut ein og ein elev frå klasseromet. Då les borna høgt for den frivillige. Dette er veldig populært både for eleven og for den frivillige!

Sjå meir på http://www.vaf.no/politikk/lyttevenn/.


2019 © Bygland Frivilligsentral