Praktisk hjelp i heimen

Treng du nokon som kan bere ved for deg? Treng bilen din og støvsugast? Vi har frivillige som kan hjelpe deg med små praktiske gjeremål.

Aldersgruppe: For alle

Me har samarbeid med Bygland oppvekstsenter, der 8 klasse har valfag Arbeidsliv i Frivilligsentralen. Dette betyr at desse elevane skal gjere eit arbeid for Frivillgsentralen, der dei samstundes lærer korleis det kan vere i Arbeidslivet.

Så dersom du har noko praktisk heime, som du kunne trengt hjelp til kan du melde inn behov på telefon 945 10 770. Eksempel på oppgåver kan vere: pele epler og lagre dei, vindusvask, plenklypping, rydde hagemøbler, tunge løft, bere ved, skuffe snø, støvsuging.

Det er også mogleg å ta kontakt dersom du berre vil ha nokon å prate med!  

2019 © Bygland Frivilligsentral