Valfag Innsats for andre-Samarbeid med Bygland Oppvekstsenter

Fivilligsentralen samarbeider med Bygland Oppvekstsenter om valfaget "Innsats for andre". Elevane i valfaget skal gjere ein innsats for andre. Dette skjer kvar Tysdag frå 12-13.30. For å få dette til, er me avhengige av at me får inn oppdrag. Oppdrag kan meldes inn på sms til 945 10 700. Der skriv du adresse og kva oppdraget er.

Aldersgruppe: For alle

Kvar Tysdag kjem elevar til Frivilligsentralen for å gjere ulike arbeidsoppgåver. Oppgåvane er i bustadane til heimebuande eldre, og kan vere plenklipp, vindusvask, bilvask, hausting av eple/plomme, andre praktiske ting. Målet er at me skal bidra til at eldre får gratis praktisk hjelp heime, samstundes som ungdomane får oppleve gleda med å gjere ein innsats for andre.

2024 © Bygland Frivilligsentral