Utsyrssentralen vert BUA Bygland

No er opningsdagen sett. Det vert 3 juni klokka 17.00 på Bygland Prestegard. Du er invitert!

No er det to år sidan me opna Utstyrssentralen!

Sidan det har me lånt ut over 1000 gjenstander, og hatt aukande pågong både sommar og vinter.

Me såg etterkvart at det vart behov for eit anna datasystem, som var tilpassa slik virksomhet og som også var brukarvenleg og synleg.

Det har me no fått på plass, og me gler oss stort til å syne det fram! 


3 juni klokka 17.00 opnar me i ny drakt, med besøk av ordføraren og kake og kaffi! Alle som vil kome, kan kome! Du kan sjekke ut alt det fine utstyret me har eller berre ete kake :-) 


BUA er ein nasjonal stiftelse som kun jobber med utlån av utstyr. Me vert no ein del av BUA, og det betyr at du no kan finne oss her: https://www.bua.io/utlansordninger/bua-bygland.


Alt av utstyret vårt vert no synleg med eige bilete. Det betyr at du treng ikkje ringe å spørje om kva me har, du kan berre gå inn å søkje sjølv!  Alt utstyret ligg sortert på kategori.

Skulle det vere slik at du fann noko du vil låne, så er neste steg å lage deg ein brukarprofil. Dette gjer du berre EI gong. Du vel: logg inn og registrer brukar.

Etter det kan du finne utstyret du vil låne, og faktisk også reservere det på nettsida slik at du er sikker på at det er ledig når du treng det.

Når du har reservert, tek du kontakt med vakttelefonen vår og avtaler henting. Vaktelefonen har nummer: 94502858. Merk at telefonen er framleis bemanna av (fantastiske) frivillige, slik at den vert besvart på kvedstid.

2024 © Bygland Frivilligsentral