Tur til Brokke for ungdom

Siste sundag i vinterferien reiste vi til Brokke med 20 ungdomar. I tillegg var 10 stk frå 4H med, så vi var ein stor og fin gjeng på tur.

Dei fleste hadde lånt utstyr i BUA og alle var klar for ein fin dag på ski. Vi fekk litt startproblem med bussen og blei difor litt forseinka, men ca. kl. 10.30 var alle i gang i bakken!

Vi grilla hamburgar på bålpanna og alle fekk ei brus. Det tok tid før nokon hadde tid til å ete, for dei hadde det så gøy i bakken. 

Kl. eitt hadde Håkon Nordgarden eit lite kurs i parken for dei som ville prøve seg på litt triksing på ski. Tusen takk til Håkon 😊

Det var ein glad og fornøgd gjeng som satt seg i bussen på veg heim litt over kl. fire. 

Tusen takk til dei foreldra som var med og takk til dei flotte ungdomane! Vi reiser gjerne på tur med dykk att 😊

Anne og Guro 😊

2024 © Bygland Frivilligsentral