Utstyrssentralen kjem på nett!

Lurer du på kva me har av utstyr i Utstyrssentralen? Eller vil du sjekke om det du vil ha er utlånt? Det kan du enkelt gjere på nett no! Nettsida finn du her: https://bygland-fb.mikromarc.no/Mikromarc3/web/default.aspx?db=bygland-fb&unit=6471 Sjå rettleiing under for søk!

Me jobber på spreng for å få lagt inn alt utstyr. Det er så gøy å få dette tilgjengeleg på nett! Dette er eit samarbeid med Bygland Folkebibliotek, derfor nytta rme deira side til søket. Me har mellom 250 og 300 forskjellige gjenstander. Det betyr at dette vil ta litt tid. 

Per no har me lagt inn ca 45 gjenstander. Mykje av det er gjenstander som er aktuelt no, til sommarbruk. Slik som hengekøyer, sykler osv. 

Systemet baserer seg på nasjonalt lånekort. Same som du bruker når du skal låne bøker på biblioteket. Visste du at du no kan laste den ned digitalt til telefonen din? 

Har du ikkje lånekort? Fortvil ikkje. Me lager eit lokalt eit til deg, og du kan låne likevel. Me er oppteke av å vere enkle å forhalde seg til!

Om du vil låne ringer du framleis 94 50 28 58! :-)

Rettleiing:

Gå inn på denne sida:

https://bygland-fb.mikromarc.no/Mikromarc3/web/default.aspx?db=bygland-Velfb&unit=6471 

Vel enkelt søk øverst til venstre

Til høgre under namnet "Katalog" passer du på at det er berre "Frivilligsentral" som er avhuka:


Skriv inn det du vil søke etter, eks. hengkøye, eller friluftsliv. Trykk på søk.

Ved å dobbelklikke på det du vil låne, finn du ut om utstyret er utlånt eller ikkje:

2024 © Bygland Frivilligsentral