Utstyrssentralen har 1 års dag!

Det har allereie gått eit år sidan utstyrssentralen opna! Etterspørselen har berre auka på, og dagleg leiar vil rette ein takk til flotte frivillige som står på for å få dette til! Utan dykk...

Utstyrssentralen opna 06 Juni 2019 med Ordførar som klippa snora. Då med ei 20 % prosjektstilling som var gull verdt, og med nokre frivillige som var med å bemanna sentralen som var like viktige. Stillinga gjekk ut i Desember 2019. Etter det har me jobba for å oppretthalde tilbodet, og oppretta eit vaktsystem.

Me har utvida med masse utstyr sidan då, og har nå ein utstyrssentral med utstyr til all slags aktivitet. Dette er takka vere god støtte frå BufDir, Gjensidigestilftelsen, Valle sparebank, Sparebanken Sør med fleire.  Faktisk er det slik at me no har venteliste på utstyret! Me har fått på plass eit datasystem, som gjer alle moglegheit til å søkje på kva for utstyr me har på nett, og kva som er utlånt. 

Det er ikkje tvil om at utstyrssentralen har vore ein suksess, og at det var behov. Det syner utlånet. Berre den siste månaden har me lånt ut 54 gjenstander. Totalt antall utlån ser ut til å vere ca. 130.  

Me har likevel ikkje gjett oss, og venter på svar på fleire søknadar om støtte i tida som kjem.

Daglig leiar vil nytte anledninga til å få dele ut ein stor TAKK til dykk som er frivillige i dette prosjektet. Utan dykk ville tilbodet vore mykje dårlegare. Dykk er med på å gjere utstyret så mykje meir tilgjengeleg, brukt og vedlikehaldt. Dykk er så positive, hjelpsamme og alltid på tilbudssida. Dykk imponerer meg! Ein ville så gjerne gå ut med navn og takke personleg, men i høve personvern kan ein ikkje det utan godkjenning. Løna er alle barn og unge som får prøve seg på ein ny aktivitet, opplever ein tur i hengekøye for første gong, oppdager gleda ved å vere på fjorden, eller får høve til å oppleve kva godt utstyr betyr for gleda ved å vere aktiv. Så TUSEN TAKK!

Så har me planer for bruk av utstyret:

Skulane vil bruke det aktivt no i avlsutninga

Me vil ha ein ungdomskveld med overnatting på Presteneset

Me vil arrangere Kajakkkurs

Me vil arrangere open dag på Utstyrssentralen. 

Kanksje vert det fleire turar.....


2024 © Bygland Frivilligsentral