NYTT TILBOD: Kunstnarverkstad

Er du glad i å male, teikne eller lage ting? Går du i 1-6 Klasse? Er svaret ja, så kan du gjere akkurat det på Frivilligsentralen i frå klokka 13.00-16.30 KVAR fredag! 1-3 Klasse: 13-14.30 4-6 Klasse: 15-16.30

Me ønsker at dette skal vere eit tilbod til dei som er glad i å skape noko, og nytte si kreative side. 

Me har ein flott frivillig med kunstnarbakgrunn som vil vere til stades kvar gong, og hjelpe deg med rettleiing og idear. 

Frivilligsentralen står for alt utstyr, når det gjeld måling, papir, papirkniv, limpistol mm. Det einaste du treng å ta med deg er noko tøy som det ikkje er så nøye med. Kanskje dine føresette har ei skjorte som ikkje er i bruk lenger? Me nytter maling som ikkje kan vaskast av.

 

Tidspunktet på dagen, kan tilpassast etterkvart for at det skal passe for skuleslutt for barna både frå Byglandsfjord og Bygland.

MERK: Me har 40 plassar, og me treng påmelding første gonga grunna smittevern.

Påmelding her: https://bygland.frivilligsentral.no/hendelse?kunstnarverkstad&Id=535820

Foto: pixabay.com

Det vil 

2024 © Bygland Frivilligsentral