Me vil gjerne ha DEG med på laget-me lagar Jolestemning saman!

Kvart år stend Frivilligsentralen med gode frivillige for montering av Jolelys i sentrum. Du kan vere med å bidra i dette!! Det er viktig å ljose opp ei elles mørk tid. Me markerer på denne måten at jola nærmer seg, og me vil bidra til at sentrum skal vere ein hyggeleg stad og opphalde seg. Me er åpne for innspel på kva meir me kan få til. Det kan DU bidra med! Me treng også frivillig bistand til jolegrantenninga, som er svært populær!

Me treng frivillig som vil vere med på følgande ting:

  • Montere jolelys.
  • Planlegge jolebelysning.
  • Demontere jolebelysning
  • Planlegge jolegrantenning
  • Koke jolegraut
  • Servere jolegraut
  • Pynte lokale.
  • Rydde lokale

Du kan vele deg ut ein ting eller fleire. Alle bidrag tel!

Du kan melde di interesse her på sida eller på frivillig.no:

https://frivillig.no/bygland-frivilligsentral/montere-jolelys-i-bygland-sentrum-eller-og-skape-jolegrantenning

2024 © Bygland Frivilligsentral