Kajakkkurs!

Frivilligsentralen arrangerer kajakkkurs den 2 juli klokka 17.00 på Presteneset i Bygland!

Frivilligsentralen vil arrangere kajakkkurs. Instruktøren er ein som har vore på landslaget i kajakkpadling, og skal lose oss gjennom kva ein bør tenkje på når det gjeld klede, sikkerheit, teknikk osv. Det vert også høve til å prøve kajakk, under rettleiing frå instruktøren.

Me nyttar kajakkane til Utstyrssentralen, men det vil også vere mogleg å ta med sin eigen. 

Me har per no kun 5 kajakker, tre til vaksne og to til mindre. Den eine til barn kan ta opptil 90 kg. Det betyr at me må dele opp i bolker av 15-20 minutt praktisk øving slik at alle får prøve seg. Tre påmelde tek med seg sin eigen. 

Totalt hadde me 20 påmelde. Ein har trekt seg, så det er enno plass.

2024 © Bygland Frivilligsentral