Frivilligsentralen utset aktivitet til etter 18 Januar.

Grunna nye reglar i høve smittervern, ser me oss nøydd til å utsetje aktivitet gjennom Frivilligsentralen til etter 18 Januar.
Kjære frivillige og alle dykk som besøker tilboda våre.
2021 er her, og me hadde store håp om at no skulle alt nærme seg normalen om ikkje så lenge. Etter ein lang periode med få møte mellom mennesker, og mykje tankevirksomhet kring smittevern kunne ein tenkje seg at ting vart enklare og samfunnet meir normalt.
Slik vart det ikkje. Etter regjeringa kom med nye reglar i går, ser me oss diverre nødt til å stanse alle aktivitet som inneber møte mellom menneske fram til 18 Januar 😔
Frivilligsentralen håper at alle dykk som hadde gleda dykk til å møte andre, framleis kjem etter dette. Og at dykk som er frivillige framleis er klar, når reglane endrer seg. Det er jo eingong slik, at utan menneske er Frivilligsentralen fattig.
Det betyr at me kan ikkje gjennomføre styrketrening førstkomande torsdag, ikkje bingo, ikkje strikkecafe og kunstnerverkstaden vert utsett til etter 18 januar.
Hugs at ein framleis kan ta ein ekstra telefon til nokon du ikkje har tala med på ei stund, og ta vare på kvarandre!💜
Hilsen Anne og Margit.
2024 © Bygland Frivilligsentral