Atkivitet for alle! Ha det gøy med Frivilligsentralen!

Frivilligsentralen har også i år fått midlar frå Barne-ungdom og familiedirektoratet for å tilby barn og unge ferieopplevelsar. Allerede no har me arrangert Dragefestival, og opne dagar med BUA som vart ein stor suksess. Me kjem til å arrangere tur til Troll aktiv på Syrtveit, tur til Mineralparken, Skidag i Brokke, Langrennsdag, og me samarbeider med lag og foreninger om andre arrangement. Les vidare for å finne dato!

Me har planalgt aktivitetane i skuleferiane. 

Først ut er sjølvsagt Haustferien. Då vil me arrangere to turar:

Tirsdag 5 Oktober: Troll aktiv Syrtveit. Aldersgruppe: Ungdomsskule. Her blir det mogleg å prøve klatrepark, og lasertag. Kvar ungdom kan vere med på to aktivitetar. Frivilligsentralen spanderer pizzalunsj i kafeen på Troll Aktiv, og leiger buss som frakter oss båe vegar.

Me har alltid behov for litt hjelp på turane våre då me ikkje er så mange tilsette. Difor set me gjerne pris på om nokre vaksne kan hjelpe oss :-)

Torsdag 6 Oktober: Mineralparken Hornnes. Aldersgruppe: Barneskulen. Her blir det mogleg å prøve klatreskog, skattejakt, spillehall, boblefotball, lazertag, geodeknekking, smykkeverksted, steinfigurskjering, eventyrbekken. Deltagarnae fåt tilbod om tre ulike aktivitetar dei kan delta på. Frivilligserntralen dekker lunsj i kafeen.

Så kjem vinterferien:

19 Februar: Langrennsdag/akedag. Tangen/Byglandsfjord. Alle aldersgrupper. BUA Bygland tek med seg masse  langrennsutstyr, og leiger inn ekstern ski instrultør for å lære deg å ha deet gøy på langrennskiane! Frivilligsetnralen serverer mat i pausen.

22 Februar: Skidag i Brokke. Aldersgruppe: 12-16 år. Vi set opp buss til Brokke, og dekker eit dgskort og lunsj for alle deltagarar. Treng nokre å låne utstyr legg me til rette for det gjennom lån i BUA. Hugs å gå inn og reservere utstyret du treng før turen! :-)


foto: pixabay.com



 


2024 © Bygland Frivilligsentral