BUA Bygland

Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis! For å finne ut kva vi har kan du gå inn på www.bua.io!

Aldersgruppe: 0 til 100 år

Bygland Frivilligsentral har ein utstyrssentral kalla BUA Bygland.

Her kan kven som helst komme å låne utstyr til all slags aktivitetar, heilt gratis! 

BUA Bygland er tilgjengelig på ein vakttelefon på etter middag i vekedagar frå 15.30-20.00, og frå 10.00-12.00 på laurdagar. Telefonen er bemanna av frivillige, og dei tilsette i sentralen.

Du finn oss på bua.io. Her kan du søke Bygland, og trykke på "finn utstyr". Her kan du bla gjennom alt me har. Finn du noko du vil låne, må du lage ein profil. Du vel "logg inn" øvst til høgre. Her vel du " registrer deg". Du må vere 18 for å registrere deg. Vil du at barna dine skal låne, kan du legge dei til som "medlåntakar".  Når du har gjort det, kan du reservere utstyr og ta kontakt med vakta for å avtale hentetidspunkt.

Telefonnummeret til vakttelefonen er: 

94 50 28 58. 


Dersom du ikkje får svar, vert du ringt opp igjen når den som har vakt er ledig. Dykk vil då kunne bli einige om møtetidspunkt.

Me har utstyr som kan nyttast til vinter og sommar aktivitetar. Til dømes: alpinutstyr, telt, liggeunderlag, stormkjøkken, langrennsutstyr, stisykkel, racersykkel, skøyter og det du treng for å leike deg i vatnet som SUP brett, kanoar, kajakkar osv. 

Velkomen!



2024 © Bygland Frivilligsentral