BUA Bygland

Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland og BUA Bygland sjølvbetent. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis!

Aldersgruppe: For alle

For å finne ut kva vi har av utstyr kan du gå inn her: Utstyr | BUA 

Her kan kven som helst komme å låne utstyr til all slags aktivitetar, heilt gratis! 

BUA Bygland er tilgjengelig på ein vakttelefon på:

-Vekedagar frå 16.00-20.00.

-Laurdagar 10.00-12.00. 


Telefonen er bemanna av frivillige.


Slik lånar du:

Du finn oss på bua.no. Her kan du søke Bygland, og trykke på "finn utstyr". Her kan du bla gjennom alt me har. Finn du noko du vil låne, må du lage ein profil. Du vel "logg inn" øvst til høgre. Her vel du " registrer deg". Du må vere 18 for å registrere deg. Vil du at barna dine skal låne, kan du legge dei til som "medlåntakar".  Når du har gjort det, kan du reservere utstyr og ta kontakt med vakta for å avtale hentetidspunkt.

Telefonnummeret til vakttelefonen er: 

94 50 28 58. 


Dersom du ikkje får svar, vert du ringt opp igjen når den som har vakt er ledig. Dykk vil då kunne bli einige om møtetidspunkt.

Me har utstyr som kan nyttast til vinter og sommar aktivitetar. Til dømes: alpinutstyr, telt, liggeunderlag, stormkjøkken, langrennsutstyr, stisykkel, racersykkel, skøyter og det du treng for å leike deg i vatnet som SUP brett, kanoar, kajakkar osv. 

Velkomen!



2025 © Bygland Frivilligsentral