-
Besøkshund
Bygland Frivlligsentral er så heldige og kunne tilby Besøkshund! Balto og eigaren Maiken har lyst å besøke institusjonar og liknande framover. Balto er på ve til å bli sertifisert som besøkshund gjennom Raude kors.
Valfag Innsats for andre-Samarbeid med Bygland Oppvekstsenter
Fivilligsentralen samarbeider med Bygland Oppvekstsenter om valfaget "Innsats for andre". Elevane i valfaget skal gjere ein innsats for andre. Dette skjer kvar Tysdag frå 12-13.30. For å få dette til, er me avhengige av at me får inn oppdrag. Oppdrag kan meldes inn på sms til 945 10 700. Der skriv du adresse og kva oppdraget er.Aldersgruppe: For alle
Kvar Tysdag kjem elevar til Frivilligsentralen for å gjere ulike arbeidsoppgåver. Oppgåvane er i bustadane til heimebuande eldre, og kan vere plenklipp, vindusvask, bilvask, hausting av eple/plomme, andre praktiske ting. Målet er at me skal bidra til at eldre får gratis praktisk hjelp heime, samstundes som ungdomane får oppleve gleda med å gjere ein innsats for andre.
Del på:
-
Besøksven
Besøksven-Besøk nokon som har lyst å finne på noko! Me legg til rette for besøk på Byglandsheimen, der frivillige gjer ting saman med bubuarane ei gong i månaden.
-
Bingo
Likar du å spele? Då er dette plassen for deg. Tysdagar 18.00 - 20.00 på Bygland Frivilligsentral
-
BUA Bilen
BUA Bygland, Bygland Frivilligsentral og Bygland kommune har ein bil til utlån! Bilen har ni setar, og er kjøpt inn med midlar som er løyvd i frå Kommmunestyret i Bygland. Denne bilen kan køyrast på vanleg sertifikat, og har plass til 8 passasjerar i tillegg til sjåfør. Den har seter som kan slås saman, slik at ein får plass til bagasje ved behov.
-
BUA Bygland
Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland og BUA Bygland sjølvbetent. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis!