-
Besøkshund
Bygland Frivlligsentral er så heldige og kunne tilby Besøkshund! Balto og eigaren Maiken har lyst å besøke institusjonar og liknande framover. Balto er på ve til å bli sertifisert som besøkshund gjennom Raude kors.
Lyttevenn
Bygland Frivilligsentral kan ved hjelp av frivillige tilby lyttevener til elevane på Byglandsfjord skule.Formålet med Lyttevennprosjektet er å byggje ei bru mellom generasjonane, og utvikle ein modell for eldres aktive deltaking i skulen, for å stimulere og motivere leseferdigheit og leselyst hos born i alderen 7 til 9 år, i samarbeid med skulen sitt pedagogiske personale.
Ei gong i veka har me frivillige som møter opp på skulen og tek ut ein og ein elev frå klasseromet. Då les borna høgt for den frivillige. Dette er veldig populært både for eleven og for den frivillige!
Sjå meir på http://www.vaf.no/politikk/lyttevenn/.
Del på:
-
Besøksven
Besøksven-Besøk nokon som har lyst å finne på noko! Me legg til rette for besøk på Byglandsheimen, der frivillige gjer ting saman med bubuarane ei gong i månaden.
-
Bingo
Likar du å spele? Då er dette plassen for deg. Tysdagar 18.00 - 20.00 på Bygland Frivilligsentral
-
BUA Bilen
BUA Bygland, Bygland Frivilligsentral og Bygland kommune har ein bil til utlån! Bilen har ni setar, og er kjøpt inn med midlar som er løyvd i frå Kommmunestyret i Bygland. Denne bilen kan køyrast på vanleg sertifikat, og har plass til 8 passasjerar i tillegg til sjåfør. Den har seter som kan slås saman, slik at ein får plass til bagasje ved behov.
-
BUA Bygland
Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland og BUA Bygland sjølvbetent. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis!