-
Besøkshund
Bygland Frivlligsentral er så heldige og kunne tilby Besøkshund! Balto og eigaren Maiken har lyst å besøke institusjonar og liknande framover. Balto er på ve til å bli sertifisert som besøkshund gjennom Raude kors.
Praktisk hjelp i heimen (Avlyst)
Treng du nokon som kan bere ved for deg? Treng bilen din og støvsugast? Vi har frivillige som kan hjelpe deg med små praktiske gjeremål.Aldersgruppe: For alle
Me har samarbeid med Bygland oppvekstsenter, der 8 klasse har valfag Arbeidsliv i Frivilligsentralen. Dette betyr at desse elevane skal gjere eit arbeid for Frivillgsentralen, der dei samstundes lærer korleis det kan vere i Arbeidslivet.
Så dersom du har noko praktisk heime, som du kunne trengt hjelp til kan du melde inn behov på telefon 945 10 770. Eksempel på oppgåver kan vere: pele epler og lagre dei, vindusvask, plenklypping, rydde hagemøbler, tunge løft, bere ved, skuffe snø, støvsuging.
Det er også mogleg å ta kontakt dersom du berre vil ha nokon å prate med!
Del på:
-
Besøksven
Besøksven-Besøk nokon som har lyst å finne på noko! Me legg til rette for besøk på Byglandsheimen, der frivillige gjer ting saman med bubuarane ei gong i månaden.
-
Bingo
Likar du å spele? Då er dette plassen for deg. Tysdagar 18.00 - 20.00 på Bygland Frivilligsentral
-
BUA Bygland
Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis! For å finne ut kva vi har kan du gå inn på www.bua.no!
-
Bygdemiddag
Når: Annankvar Tysdag Kl. 16.00-17.30 Tykkjer du det er kjedeleg å lage middag? Kunne du ønskje du hadde nokon å ete saman med? Er ettermiddagane travle? Då har me løysinga!