-
Besøkshund
Bygland Frivlligsentral er så heldige og kunne tilby Besøkshund! Balto og eigaren Maiken har lyst å besøke institusjonar og liknande framover. Balto er på ve til å bli sertifisert som besøkshund gjennom Raude kors.
Transport
Har du lyst å kome deg på ein aktivitet, men kan ikkje køyre bil lenger? Kanskje ein frivillig kan køyre deg.Me har frivillige som kan ta på seg køyre oppdrag om du har lyst å kome deg ut på noko, men ikkje køyrer sjølv lenger.
Du betaler kilometergodtgjersle direkte til den frivillige som køyrer deg, etter statens køyretakst. Elles koster det ikkje noko. Dersom du har ei avtale du skal rekke på ein bestemt dag, er det lurt å kotakte frivilligsentralen i litt god tid.
Dersom dette er noko for deg, kan du ta kontakt på telefon 945 10 770.
foto: pixabay.com
Del på:
-
Besøksven
Besøksven-Besøk nokon som har lyst å finne på noko! Me legg til rette for besøk på Byglandsheimen, der frivillige gjer ting saman med bubuarane ei gong i månaden.
-
Bingo
Likar du å spele? Då er dette plassen for deg. Tysdagar 18.00 - 20.00 på Bygland Frivilligsentral
-
BUA Bilen
BUA Bygland, Bygland Frivilligsentral og Bygland kommune har ein bil til utlån! Bilen har ni setar, og er kjøpt inn med midlar som er løyvd i frå Kommmunestyret i Bygland. Denne bilen kan køyrast på vanleg sertifikat, og har plass til 8 passasjerar i tillegg til sjåfør. Den har seter som kan slås saman, slik at ein får plass til bagasje ved behov.
-
BUA Bygland
Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland og BUA Bygland sjølvbetent. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis!