-
Besøkshund
Bygland Frivlligsentral er så heldige og kunne tilby Besøkshund! Balto og eigaren Maiken har lyst å besøke institusjonar og liknande framover. Balto er på ve til å bli sertifisert som besøkshund gjennom Raude kors.
Følgehjelp
Føler du deg utrygg når du skal til legen/sjukehuset? Kanskje du kan få ein frivillig til å følgje deg!Frivilligsentralen tilbyr følgeteneste, det vil seie at du kan få følge i taxien til for eksempel legebesøk, tannlegebesøk, kontroll på sjukehus osv. Den frivillige møter deg ved avreisestad, og sit saman med deg i taxien. Når du kjem fram, kan den frivillige rettleie deg inn på rett stad og vente på deg mens du har time. Deretter vert den frivillige med deg tilbake til start.
Dette er eit gratis tilbod, men det er normalt å spandere noko å ete dersom det tek heile dagen for den frivillige.
Det er lurt å seie i frå i god tid, då er sjansen større for å me har frivillige som kan den dagen.
Den frivillig kan ikkje hjelpe deg i stell relaterte oppgåver som dobesøk, sårstell eller linkande. Følge skal heller ikkje vere med inn til legen. Det er eit krav at du kan gå sjølv, eller at du sit i rullestol som ikkje er for tung å dytte på. Det er ikkje sikkert den frivillige sjølv har styrken til å støtte deg fysisk.
Dersom du allereie mottek tenester frå Pleie og omsorg melder du inn behovet ditt til dei.
Del på:
-
Besøksven
Besøksven-Besøk nokon som har lyst å finne på noko! Me legg til rette for besøk på Byglandsheimen, der frivillige gjer ting saman med bubuarane ei gong i månaden.
-
Bingo
Likar du å spele? Då er dette plassen for deg. Tysdagar 18.00 - 20.00 på Bygland Frivilligsentral
-
BUA Bilen
BUA Bygland, Bygland Frivilligsentral og Bygland kommune har ein bil til utlån! Bilen har ni setar, og er kjøpt inn med midlar som er løyvd i frå Kommmunestyret i Bygland. Denne bilen kan køyrast på vanleg sertifikat, og har plass til 8 passasjerar i tillegg til sjåfør. Den har seter som kan slås saman, slik at ein får plass til bagasje ved behov.
-
BUA Bygland
Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland og BUA Bygland sjølvbetent. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis!