-
Besøkshund
Bygland Frivlligsentral er så heldige og kunne tilby Besøkshund! Balto og eigaren Maiken har lyst å besøke institusjonar og liknande framover. Balto er på ve til å bli sertifisert som besøkshund gjennom Raude kors.
Middagsombringing
Er du ein frivillig som kan tenkje deg å hjelpe eldre og heimebuande med å få tak i næringsrik mat? Bygland Frivilligsentral køyrer ut ferdig midag fleire gonger i veka til heimebuande. Eit flott tilbod, som inneber god ernæring, kontakt mellom medmenneske og ei god gjerning.To gonger i veka køyrer frivillige frå Frivilligsentralen ut middag frå Byglandsheimen til heimebuande. Det vert køyrt ut mat på tysdag og fredag. Kvar og ein bestiller mat direkte til Byglandsheimen, og betaler for maten der. Utkøyringa betaler dei ikkje for.
Derimot betalar me dei frivillige for utgifter dei har til drivstoff.
Dersom du kunne tenke deg å hjelpe til: ta kontakt!
Dersom du som les øsnker det middag, kan du kontakte Byglandsheimen på telefon 945 32 940 for å kome i gong.
Bilete. pixabay.com
Del på:
-
Besøksven
Besøksven-Besøk nokon som har lyst å finne på noko! Me legg til rette for besøk på Byglandsheimen, der frivillige gjer ting saman med bubuarane ei gong i månaden.
-
Bingo
Likar du å spele? Då er dette plassen for deg. Tysdagar 18.00 - 20.00 på Bygland Frivilligsentral
-
BUA Bilen
BUA Bygland, Bygland Frivilligsentral og Bygland kommune har ein bil til utlån! Bilen har ni setar, og er kjøpt inn med midlar som er løyvd i frå Kommmunestyret i Bygland. Denne bilen kan køyrast på vanleg sertifikat, og har plass til 8 passasjerar i tillegg til sjåfør. Den har seter som kan slås saman, slik at ein får plass til bagasje ved behov.
-
BUA Bygland
Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland og BUA Bygland sjølvbetent. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis!