-
Besøkshund
Bygland Frivlligsentral er så heldige og kunne tilby Besøkshund! Balto og eigaren Maiken har lyst å besøke institusjonar og liknande framover. Balto er på ve til å bli sertifisert som besøkshund gjennom Raude kors.
Teppebowls-carpetbowls
Dersom du likar å bevege deg litt, vere saman med andre og få deg ein god latter så er teppebowling noko for deg. Det skjer annankvar torsdag i partalsveker frå kl 16.30 i Byglandshallen .Kvar veke samlast ein stor gjeng for å spele dette spelet. Spelet gjeng ut på at du skal sende ei kule over eit teppe og rundt ei hindring. Dernest skal du komme nærmast mogleg eit mål. Spelet er sosialt, då ein speler i grupper. Du treng ikkje kunne spelet på førehand, og kven som helst kan vere med.
Det vert heldt sosiale tilstelningar innimellom. Så her er det berre og hive seg på!
Sjå meir om spelet her : http://bowlsnorge.no/
Bilete: http://life.org.au/events/event/indoor-carpet-bowls-3/
Del på:
-
Besøksven
Besøksven-Besøk nokon som har lyst å finne på noko! Me legg til rette for besøk på Byglandsheimen, der frivillige gjer ting saman med bubuarane ei gong i månaden.
-
Bingo
Likar du å spele? Då er dette plassen for deg. Tysdagar 18.00 - 20.00 på Bygland Frivilligsentral
-
BUA Bilen
BUA Bygland, Bygland Frivilligsentral og Bygland kommune har ein bil til utlån! Bilen har ni setar, og er kjøpt inn med midlar som er løyvd i frå Kommmunestyret i Bygland. Denne bilen kan køyrast på vanleg sertifikat, og har plass til 8 passasjerar i tillegg til sjåfør. Den har seter som kan slås saman, slik at ein får plass til bagasje ved behov.
-
BUA Bygland
Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland og BUA Bygland sjølvbetent. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis!