-
Besøkshund
Bygland Frivlligsentral er så heldige og kunne tilby Besøkshund! Balto og eigaren Maiken har lyst å besøke institusjonar og liknande framover. Balto er på ve til å bli sertifisert som besøkshund gjennom Raude kors.
Måndagscafe
Tykkjer du det hadde vore triveleg å ha ein stad og møte andre av og til? Frivilligsentralen held open cafe annankvar mandag!Aldersgruppe: For alle
Annankvar måndag i oddetalsveker, vil det vere OPEN cafe på Frivilligsentralen.
Måndagscafeen er ein lavterskel møteplass for menneskje som er heime på dagtid, og som har lyst å møtast. Det er inga krav til deg, det er berre å møte opp.
Måndagscafeen er drive av frivillige. Dei kokar kaffi, og steller noko godt som besøkande kan kjøpe.
Du får ei god røe, og kanskje du opplev noko som får deg til å le?
Vart du nysgjerrig? Kom då vel!
Dette er for alle!
Del på:
-
Besøksven
Besøksven-Besøk nokon som har lyst å finne på noko! Me legg til rette for besøk på Byglandsheimen, der frivillige gjer ting saman med bubuarane ei gong i månaden.
-
Bingo
Likar du å spele? Då er dette plassen for deg. Tysdagar 18.00 - 20.00 på Bygland Frivilligsentral
-
BUA Bilen
BUA Bygland, Bygland Frivilligsentral og Bygland kommune har ein bil til utlån! Bilen har ni setar, og er kjøpt inn med midlar som er løyvd i frå Kommmunestyret i Bygland. Denne bilen kan køyrast på vanleg sertifikat, og har plass til 8 passasjerar i tillegg til sjåfør. Den har seter som kan slås saman, slik at ein får plass til bagasje ved behov.
-
BUA Bygland
Bygland Frivilligsentral driv BUA Bygland og BUA Bygland sjølvbetent. Me har utstyr som du kan låne heilt gratis!