-
Noko gøy å gjere i sommer!
BUA Bygland og Bygland Frivilligsentral er stolte over å kunne seie at me har no moglegheit til å tilby barn og unge aktivitet kvar dag i veke 26, 27 og 28! Aktivitetane vil variere, og det kjem deltaljert plan. Men spel, vsandvolleyball, SUP, kano, fjelltur, fotball, mat på bål, og karaoke er moglege stikkord. Sjå under for påmelding.
Valfag Arbeidslivsfag-Samarbeid med Bygland Oppvekstsenter
Me er så heldige å få 8 klassingar som frivillige!Me startar eit prosjekt saman med Byglands oppvesktsenter, der 8 klasse skal utføre valfaget Arbeidsliv hos Frivilligsentralen. Det betyr at 8 klasse skal utføre frivillig arbeid i den tida dei er her. Elevane er på sentralen kvar torsdag frå klokka 09.00-10.30. ei vil bli sett til ulike oppgåve. Nokre av oppgåvene er arbeid ute i privat bustad. Det vil seie, at du som privatperson kan melde inn om du har noko behov for hjelp. Så vil ein elev kome å hjelpe deg. Meld inn behov på telefon 94510770! Det kan vere plenklipping, vinudscask, hagerydding, bere hagemøbler osv. Alt er av interesse.
Bilete: pixabay.com
Del på:
-
Konsert med Tore Frøyshol og Rasmus Solem
-
Sei hei til Balto-Vår nye besøkshund!
Balto og eigaren Maiken, ønskjer no å byrje som besøksven eller rettare sagt besøkshund! Me ønskjer dei båe hjarteleg velkomen som frivillige!
-
Vil du som er frivillig tilknytt Bygland Frivilligsentral vere med på frivillig-laget i dytt.no?
Last ned appen, og legg inn koden "Bygland2025" og send så eit ja på sms til 94510770 for å bli med i laget.