Utstyrsentralen opna att!

No kan du kome å låne utstyr igjen-same telefonnummer! 945 02 858!

Utstyrssentralen har opna att for utlån av utstyr

Utstyrssentralen har utarbeidd særlege rutinar for utlån og innlevering av utstyr i desse koronatider. Utstyrssentralen er bemanna med ein vakttelefon på kvardagar. Sentralen er og bemanna i veka før påske

Opningstider:

Utstyrssentralen er bemanna med ein vakttelefon på kvardagar.

Dersom du ønskjer å låne, eller levere inn ringer du vakttelefonen. Du og vakta avtalar tid for utlevering/innlevering. Ein kan i hovudsak hente og levere utstyr på kveldstid.

Får du ikkje svar når du ringer, kan du sende ein sms. Den som har vakt vil kontakte deg så fort som råd. Telefonnummeret til vakttelefonen er: 945 02 858

påskeveka er vakttelefonen bemanna følgande dagar: Måndag 6.4, Tysdag 7.4 og Onsdag 8.4. 

Rutinar ved utlån:

Den som skal låne skal ikkje inn på sentralen.
Utstyret som skal lånast ut kan setjast på trappa.
Den som låner ut, må vere til stades for å sjå at utsytret vert henta.
Lånekontrakt og utleveringsseddel må gokjennast munnleg i denne perioden.
Utlånar må skrive på dato for utlevering.
Den som låner ut skal til ein kvar tid nytte hanskar.

Rutinar ved innlevering:

Ved mottak av utstyr skal utstyret setjast på trappa. Dei som skal levere skal ikkje inn på sentralen. Den som mottek utstyr skal ikkje vere i fysisk kontakt med den som leverer.

Alt utstyr som har vore lånt ut, skal stå ei veke i KARANTENE. Det vil seie at det skal ikkje handterast men berre setjast på loftet i denne tida. Den som låner ut må nytte hansker når ein tek i utstyret. Hanskane skal hivast etterpå. Utstyret skal gåast over med antibac før det vert sett vekk.

Det vil vere ei «karanteneliste» på kontoret, der ein noterer når utstyret vart levert inn. Her fører ein på dato når utstyret kan tilbake i utstyrssentralen for utlån. 

2024 © Bygland Frivilligsentral