-
Noko gøy å gjere i sommer!
BUA Bygland og Bygland Frivilligsentral er stolte over å kunne seie at me har no moglegheit til å tilby barn og unge aktivitet kvar dag i veke 26, 27 og 28! Aktivitetane vil variere, og det kjem deltaljert plan. Men spel, vsandvolleyball, SUP, kano, fjelltur, fotball, mat på bål, og karaoke er moglege stikkord. Sjå under for påmelding.
Spelekveld til TORSDAG- GRATIS PIZZA!!!!
Det er duka for ein ny spelekveld, Torsdag 12.03 frå klokka 18.30!Me arrangerer Spelekveld for tredje gong.
Me har fått inn fleire nye spel, slik som Kinasjakk, Ryktet går, Ticket to ride med meir. Frå før har me Sjakk, Backgammon, Scrabble, kortstokk, UNO, Newton
Me har frivillige som tek hjarteleg i mot deg, og legg opp til det spelet DU vil spele. Dei serverer GRATIS PIZZA (har og glutenfri og vegetar), og saft, samt kaffi og te. Her skulle det vere noko for dei fleste.
Saman lagar me ein hyggeleg kveld med fokus på latter og moro.
Del på:
-
Konsert med Tore Frøyshol og Rasmus Solem
-
Sei hei til Balto-Vår nye besøkshund!
Balto og eigaren Maiken, ønskjer no å byrje som besøksven eller rettare sagt besøkshund! Me ønskjer dei båe hjarteleg velkomen som frivillige!
-
Vil du som er frivillig tilknytt Bygland Frivilligsentral vere med på frivillig-laget i dytt.no?
Last ned appen, og legg inn koden "Bygland2025" og send så eit ja på sms til 94510770 for å bli med i laget.