-
Noko gøy å gjere i sommer!
BUA Bygland og Bygland Frivilligsentral er stolte over å kunne seie at me har no moglegheit til å tilby barn og unge aktivitet kvar dag i veke 26, 27 og 28! Aktivitetane vil variere, og det kjem deltaljert plan. Men spel, vsandvolleyball, SUP, kano, fjelltur, fotball, mat på bål, og karaoke er moglege stikkord. Sjå under for påmelding.
Oversikt over utstyr vi har i Utstyrssentralen
Lurer du kva me har av utstyr på utstyrssentralen? Me har no laga ei komplett liste over alt utstyret. Opne excelarket, for å sjå kva vi har. Hugs at du kan kontakte oss på telefon 945 02 858, i vekedagar for å låne utstyr.Me har jobba med å nummerere og registrere alt me har av utstyr. Lista er difor sortert etter nummer på utstyret, ikkje etter kategori på utstyret. Difor kan hende du må bla gjennom heile lista, om du feks. ikkje finn din størrelse ved første augekast. Ein anna størrelse i same kategori kan kome lengre nede på lista.
Håper du finn noko du vil låne!
Me jobber med ei liste som er sortert etter kategori. Den vert lagt ut så fort den ligg føre.
Del på:
-
Konsert med Tore Frøyshol og Rasmus Solem
-
Sei hei til Balto-Vår nye besøkshund!
Balto og eigaren Maiken, ønskjer no å byrje som besøksven eller rettare sagt besøkshund! Me ønskjer dei båe hjarteleg velkomen som frivillige!
-
Vil du som er frivillig tilknytt Bygland Frivilligsentral vere med på frivillig-laget i dytt.no?
Last ned appen, og legg inn koden "Bygland2025" og send så eit ja på sms til 94510770 for å bli med i laget.