Ny ordning på Utstyrssentralen!

Me begynner med vakttelefon på Utstyrssentralen! Ring 94 50 28 58!
I 2020 vil me ha ny ordning på Utstyrssentralen.
Me vil ha ei telefeonvaktordning som er tilgjengeleg i vekedagane fortrinnsvis på dagtid. Det er opp til den som har vakt om vedkommande har tid til å ta telefonen på kveldstid.
Skulle ein ikkje få svar der og då, vil du bli kontakta så fort råd er. Når du ringer eller sender SMS, vil den som har vakt gjere avtale med deg kring utlevering eller mottak av utstyr.
Me vonar denne løysinga gjer utstyret lett tilgjengeleg for fleire!
Visste du at me har fått inn pulk? Pulken kan du sjå på biletet under. Det følger med ein behageleg sele, med hofte og skulderfeste. Inni denne sit ungane i ly for vinden og snø, og den er heva opp i frå snøen slik at kulde ikkje slår inn nedanfrå. Den er stødig og god.
Mykje ligg til rette for opplevingar som du ser bilete av under!
Telefonnummeret til Ustyrssentralen er: 94 50 28 58!



2020 © Bygland Frivilligsentral