Laurdagsklubb-vert utsett

Laurdagsklubben som var planlagt no den 16 Mai vert utsett. Neste Laurdagsklubb vil me forsøke å gjennomføre den 20 JUNI.

Det var i utgongspunktet meininga å arrangere Laurdagsklubb no førstkomande laurdag. 

Det er mange hensyn og regler som må vere på plass for at ein skal gjennomføre ei slik hending. Enno er det usikkert i veret, og ein kan ikkje vere sikker på at ein kan arrangere ute, noko som hadde gjort ting lettare.

Me må difor med tungt hjarte opplyse om at denne hendinga no vert avlyst, fordi me ser ikkje at me klarer å overhalde alle reglane og retningslinane. Laurdgasklubben er basert på innsats frå frivillige. I samråd med desse, har me vore einige om at me heller venter til neste gong det er planlagt, den 20 uni. Me satsar då på at me kan vere ute...og kanskje er det også andre regler og reningsliner når den tid kjem. 

Me beklagar så mykje! Me vil så gjerne bidra til at ungdomen vår har det bra, og har noko å finne på i helgane! 

Me håper me sjåast den 20 JUNI!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

2024 © Bygland Frivilligsentral