-
Noko gøy å gjere i sommer!
BUA Bygland og Bygland Frivilligsentral er stolte over å kunne seie at me har no moglegheit til å tilby barn og unge aktivitet kvar dag i veke 26, 27 og 28! Aktivitetane vil variere, og det kjem deltaljert plan. Men spel, vsandvolleyball, SUP, kano, fjelltur, fotball, mat på bål, og karaoke er moglege stikkord. Sjå under for påmelding.
Gåtur på dagtid- første gong gjennomført
Nydeleg tur i haustsola i dag!I dag vart det arrangert gårut på dagtid for første gong, med ny frivillig på plass til å leie turen. Det møtte opp tre stykk i dag, fem om du teller dei firbeinte med :-)
Turen gjekk opp til Byglandsgardane frå Frivilligsentralen og nedatt ved KVS. Sola varma godt, og alle haustfargane gjorde dette til ei flott oppleving. Mykje godt kan kome ut av sosialt fellesskap og rørsle. Det er dette eit godt bevis på. Etter turen om alle inn og fekk ein kopp varm drikke.
Takk til Widar Winther som har stilt seg til rådighet som frivillig kvar Tysdag framover!
Så møt opp, klokka 11 på Frivilligsentralen neste Tysdag! Me har plass til fleire.
Del på:
-
Konsert med Tore Frøyshol og Rasmus Solem
-
Sei hei til Balto-Vår nye besøkshund!
Balto og eigaren Maiken, ønskjer no å byrje som besøksven eller rettare sagt besøkshund! Me ønskjer dei båe hjarteleg velkomen som frivillige!
-
Vil du som er frivillig tilknytt Bygland Frivilligsentral vere med på frivillig-laget i dytt.no?
Last ned appen, og legg inn koden "Bygland2025" og send så eit ja på sms til 94510770 for å bli med i laget.