Bokbytebord

Har du ei bok liggande heime, som du har lest ferdig? Eller eit magasin? Kunne du tenkje deg å byte i ei/eit du ikkje har lest enno? Då kan du kome innom på Frivilligsentralen!

På Frivilligsentralen er det no etablert eit "Bokbytebord". Her ligg det bøker klar som du kan ta med deg heim og lese. Om du har nokre bøker du har lest ut, kan du leggje den ned på bordet. Kanskje er det andre som kunne tenkje seg å lese akkurat den! Det er også mogleg å ta med seg magasin som du har lest ut. 

Frivilligsentralen forsøker med dette å motvirke noko av bruk og kast mentaliteten som samfunnet ber større og større preg av.

Samstundes vil me minne om at ein også kan låne fratis bøker på Bibliotekene våre, samt på nett på Ebokbib.

2024 © Bygland Frivilligsentral