-
Noko gøy å gjere i sommer!
BUA Bygland og Bygland Frivilligsentral er stolte over å kunne seie at me har no moglegheit til å tilby barn og unge aktivitet kvar dag i veke 26, 27 og 28! Aktivitetane vil variere, og det kjem deltaljert plan. Men spel, vsandvolleyball, SUP, kano, fjelltur, fotball, mat på bål, og karaoke er moglege stikkord. Sjå under for påmelding.
Bi med på dugnaden! Bli TelefonVenn!
Me ønsker å gje dei som sit isolert heime , av ulike årsakar, ein å snakke med og på den måten skape ein sosial arena i ein unormal situasjon. 'Frivilligsentralen ønskjer frivillige som kan tenkje seg å vere TelefonVenn.Dette skal vere eit tilbod til personer som sit i karantene eller isolasjon pga. smittefare. Desse menneska har fått snudd livane sine på hovudet, og einsemda kan verte tøff for mange. Ikkje alle har familie i same bustad, og kan difor ikkje få besøk. Då er det viktig å ha nokon å snakke med om laust og fast.
En telefonvenn ringer til avtalt tid. Ein telefonsamtale kan vare frå 5 til 20 minutt.
Dei frivillige som ønsker å bli telefonvenn bør setje av faste tider i ein periode. Det kan være lurt å tenkje at perioden varer så lenge Noreg er i ein unntakstilstand.
Alle frivillige har taushetsplikt.
Sjå meir på Telefonvenn.no!
Del på:
-
Konsert med Tore Frøyshol og Rasmus Solem
-
Sei hei til Balto-Vår nye besøkshund!
Balto og eigaren Maiken, ønskjer no å byrje som besøksven eller rettare sagt besøkshund! Me ønskjer dei båe hjarteleg velkomen som frivillige!
-
Vil du som er frivillig tilknytt Bygland Frivilligsentral vere med på frivillig-laget i dytt.no?
Last ned appen, og legg inn koden "Bygland2025" og send så eit ja på sms til 94510770 for å bli med i laget.