-
Takk til Landeskogens venner!
Då Landeskogens venner valde å avvikle si virksomheit, hadde dei ståande noko midlar att. Dei spurde om Frivilligsentralen ville ha dei, og me takka sjølvsagt ja. Me ynskjer no å rette ein stor takk til dei for den generøse gåva! Pengane vil bli nytta til tiltak for innbyggarar i Bygland kommune. Først ut er tur til Troll aktiv i haustferien.
Teppebowls 10 år
No feirar Teppebowlsen ti år. Saman med Bygland Pensjonistforening vil me markere det med ein eige kveld!Denne kvelden/ettermiddagen kan du kome i Byglandshallen og prøve ut Teppebowls.
Etter det vert det underhaldning og suppe på Frivilligsentralen.
Alt er gratis.
Velkomen!
Del på:
-
Måndagskafe med besøk av Sigurd Haugsgjerd som fortel om morosame opplevingar frå levd liv.
-
Måndagskafe med besøk av Torgeir Moseid
-
Måndagscafe med besøk av Geir Dåsvatn
-
Friskus- Bygland sin nye foreningsportal og nyheitsside- Bli med på opplæring den 22.09!
Vil de bli meir synlege og nå ut til fleire innbyggjarar i Bygland? No inviterer Bygland kommune lag og foreiningar til ei hyggeleg og praktisk opplæring i Friskus aktivitetsportal. Friskus skal bli ein felles stad der innbyggjarane enkelt kan finne ut kva som skjer i Bygland – aktivitetar, arrangement og tilbod for både barn, unge, vaksne og eldre. Portalen blir også synleggjord i kommunen sin nye kommuneapp, og kommunen ønskjer å gjere aktivitetane denne hausten godt kjende for innbyggjarane.