-
Takk til Landeskogens venner!
Då Landeskogens venner valde å avvikle si virksomheit, hadde dei ståande noko midlar att. Dei spurde om Frivilligsentralen ville ha dei, og me takka sjølvsagt ja. Me ynskjer no å rette ein stor takk til dei for den generøse gåva! Pengane vil bli nytta til tiltak for innbyggarar i Bygland kommune. Først ut er tur til Troll aktiv i haustferien.
Friskus- Bygland sin nye foreningsportal og nyheitsside- Bli med på opplæring den 22.09!
Vil de bli meir synlege og nå ut til fleire innbyggjarar i Bygland? No inviterer Bygland kommune lag og foreiningar til ei hyggeleg og praktisk opplæring i Friskus aktivitetsportal. Friskus skal bli ein felles stad der innbyggjarane enkelt kan finne ut kva som skjer i Bygland – aktivitetar, arrangement og tilbod for både barn, unge, vaksne og eldre. Portalen blir også synleggjord i kommunen sin nye kommuneapp, og kommunen ønskjer å gjere aktivitetane denne hausten godt kjende for innbyggjarane.🎯 Kvifor bør de delta? For lag og foreiningar er Friskus eit enkelt verktøy for å:
- Synleggjere laget eller foreininga og det de tilbyr
- Leggje ut aktivitetar og arrangement slik at fleire finn dykk
- Få oversikt over kva andre lag og foreiningar tilbyr
- Bruke eit eige påmeldingssystem når de treng det
- Nå ut til fleire innbyggjarar og bidra til eit meir inkluderande og aktivt lokalsamfunn
📅 Opplæring 22. september 2026 Vi inviterer til ein enkel og praktisk gjennomgang der vi viser korleis de kjem i gang, opprettar og administrerer aktivitetar, og brukar Friskus som eit verktøy for laget eller foreininga dykkar. Det blir også god anledning til å stille spørsmål og få hjelp til å leggje ut eigne aktivitetar.
Me serverer pizza!
Bli med og gjer hausten synleg i Bygland! Jo fleire lag og foreiningar som brukar Friskus, dess betre blir aktivitetsoversikta for innbyggjarane. Saman kan vi gjere det enklare for fleire å finne noko å delta på – og bidra til eit aktivt, inkluderande og levande Bygland.
Vi håpar å sjå dykk!

Del på:
-
Måndagskafe med besøk av Sigurd Haugsgjerd som fortel om morosame opplevingar frå levd liv.
-
Måndagskafe med besøk av Torgeir Moseid
-
Måndagscafe med besøk av Geir Dåsvatn
-
Teppebowls 10 år
No feirar Teppebowlsen ti år. Saman med Bygland Pensjonistforening vil me markere det med ein eige kveld!