-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.
Friluft ung- KLATRING MED BENNY!
🌲🔥 Friluft UNG – for deg som er 13+! 🔥🌲 Er du klar for nye opplevingar, action og å bli kjent med andre ungdommar? Då er Friluft UNG noko for deg!Friluft UNG er eit heilt gratis fritidstilbod for ungdom frå 13 år og oppover. Bur du i Bygland, eller kjem du frå ein nabokommune? Du er like velkomen!
Gjennom året skal vi finne på masse spennande aktivitetar saman. Dette er eit samarbeid mellom Bygland Frivilligsentral og Midt-Agder Friluftsråd, saman med fleire kommunar i regionen.
🚀 Kvar månad blir det ein ny aktivitet på kveldstid.
🍕 På alle aktivitetane får du også noko godt å ete – heilt gratis!
😎 Du treng ikkje vere ekspert på noko som helst. Her handlar det om å prøve nye ting, ha det gøy og skape gode opplevingar saman med andre.
🧗 Første aktivitet: KLATRING med Benny!
📅 27. August, kl 17. Oppmøte: Knapphus energi
Har du lyst til å teste høgda, utfordre deg sjølv og kjenne meistringskjensla når du kjem til toppen?
Då må du bli med på klatring med Benny!
Du treng ikkje ha klatra før – alle får god opplæring og tett oppfølging. Tryggleiken kjem alltid først, så du kan fokusere på det viktigaste:
🤩 Å ha det skikkeleg gøy!
Ta med ein ven (eller fleire), og bli med på ein kveld full av utfordringar, latter og nye opplevingar!
Me gler oss til å sjå deg! 🌟
Påmelding SPOND: Spondkode LWVSF .
Del på:
-
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.
-
Bygland Frivilligsentral får 300 000 kroner til «Noko gøy i sommar!»
Bygland Frivilligsentral har fått 300 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til sommaraktivitetar og sommarjobb for ungdom i BUA Bygland.
-
Opning av BUA boks Åraksbø
Opningsfest i høve BUA bokser-Åraksbø 8 Mai, kl 16.30!
-
Velkomen til innspelsmøte i dag kl.18.00 i kommunestyresalen på kommunehuset i Bygland.
Bygland kommune arrangerer i dag innspelsmøte til ny frivilligpolitikk, med Bygland Frivilligsentral som møteansvarleg. Alle lag og foreninger i Bygland kommune er velkomne!! Bygland kommune skal utvikle ein frivilligpolitikk, som skildrer kva frivillig liv me har, kva me kan samarbeide om og kva kommunen kan tilby.