-
Takk til Landeskogens venner!
Då Landeskogens venner valde å avvikle si virksomheit, hadde dei ståande noko midlar att. Dei spurde om Frivilligsentralen ville ha dei, og me takka sjølvsagt ja. Me ynskjer no å rette ein stor takk til dei for den generøse gåva! Pengane vil bli nytta til tiltak for innbyggarar i Bygland kommune. Først ut er tur til Troll aktiv i haustferien.
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.Også i sommar 2026 skal fire flotte ungdomar jobbe for at barn og unge skal ha ein fin sommar i Bygland!
I veke 26 vil det vere aktivitet onsdag - fredag.
I veke 27 og 28 kvar vekedag.
Alle aktivitetar er gratis.
Stad: Prestneset på Bygland; Vassend på Byglandsfjord
Alder: 1-10 klasse (OBS! Aktivitetar på vatn er for 4 klasse og oppover)
Også BUA Bygland vert open for drop-in kvar dag i denne tida.
Detaljert program og påmelding kjem etterkvart.
Den kjem via Spond eller Friskus.

Del på:
-
Måndagskafe med besøk av Sigurd Haugsgjerd som fortel om morosame opplevingar frå levd liv.
-
Måndagskafe med besøk av Torgeir Moseid
-
Måndagscafe med besøk av Geir Dåsvatn
-
Teppebowls 10 år
No feirar Teppebowlsen ti år. Saman med Bygland Pensjonistforening vil me markere det med ein eige kveld!