-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.
Noko gøy å gjere i sommer!
BUA Bygland og Bygland Frivilligsentral er stolte over å kunne seie at me har no moglegheit til å tilby barn og unge aktivitet kvar dag i veke 26, 27 og 28! Aktivitetane vil variere, og det kjem deltaljert plan. Men spel, vsandvolleyball, SUP, kano, fjelltur, fotball, mat på bål, og karaoke er moglege stikkord. Sjå under for påmelding.Me ser fram til å møte masse barn og ungdom i sommar.
Me legg opp til aktivitet både på Byglan og Byglandsfjord kvar dag i denne perioden. Er det stor spredning i aldersgruppane, legg me opp til todelt aktivitet.
Alt er gratis.
I tillegg har me open BUA for drop i kvar dag desse vekene frå 10-16.30.
Alderspenn: 3 klasse til VGS
Meld deg eller barnet ditt på her: https://forms.office.com/e/vDqHFTT7bs
Me ber om påmelding grunna sikkerheit. Barnet ditt vert ikkje forsikra gjennom BUA/Frivilligsentralen. Dersom ikkje barnet er påmeldt, og har samtykka til at eige forsikring gjeld kan hen delta, men ikkje på alle aktivitetane.

Me takkar for støtta får Gjensidigestiftelsen, og frå Agder Fylkeskommune!
Del på:
-
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.
-
Bygland Frivilligsentral får 300 000 kroner til «Noko gøy i sommar!»
Bygland Frivilligsentral har fått 300 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til sommaraktivitetar og sommarjobb for ungdom i BUA Bygland.
-
Opning av BUA boks Åraksbø
Opningsfest i høve BUA bokser-Åraksbø 8 Mai, kl 16.30!
-
Språkcafe