-
Kajakkkurs!
Vil du som er frivillig tilknytt Bygland Frivilligsentral vere med på frivillig-laget i dytt.no?
Last ned appen, og legg inn koden "Bygland2025" og send så eit ja på sms til 94510770 for å bli med i laget.Bygland kommune spanderer aktivitetskampanje på alle innbyggjarane, og målet er at vi saman skal “gå” jorda rundt. Den viktigaste investeringa vi gjer er i helsa vår. No kan du vere med og ta gode val for helsa di -saman med andre i kommunen. Å gjere det saman er meir motiverande og morosamt enn å gjere det åleine. I tillegg kan du vere med i trekninga av 3 gåvekort- 2 på 5000 kr og 1 på 2000 kr.
Bli med i frivillig-ligaen og delta på gåturen jorda rundt!
- Last ned appen frå Dytt.no i App-store. Opprett ein brukar. Legg in koden "Bygland2025". Nå blir skritta dine registrert automatisk i gruppa «Bygland går verden rundt». Om du ønsker kan du registrere anna aktivitet i appen. Det blir då reikna om til skritt. Du kan og legge til bonusoppdrag. Til dømes vil ein skjermfri time før leggetid gi 500 skritt.
- Du kan og registrere ein brukar på www.dytt.no/bygland. Her må du legge inn skritta dine manuelt. Dette er gjort på eit par minutt.
- Frivilligsentralen har laga eit lag kalla frivillig-ligaen. Vil du vere med på laget? Send ein sms med ja, til 94510770, så legg eg deg inn laget! Saman kan me nå målet!
Første delmål er Berlin – håper vi sjåast der! NB! Ingen kan sjå kor mange skritt du går. Det er kun Dytt.no som har oversikten. Mvh Anne Fauske, Dagleg leiar, Bygland Frivilligsentral.
Del på:
-
Sommarfest for dei frivillige
-
Noko gøy å gjere i sommer!
BUA Bygland og Bygland Frivilligsentral er stolte over å kunne seie at me har no moglegheit til å tilby barn og unge aktivitet kvar dag i veke 26, 27 og 28! Aktivitetane vil variere, og det kjem deltaljert plan. Men spel, vsandvolleyball, SUP, kano, fjelltur, fotball, mat på bål, og karaoke er moglege stikkord. Sjå under for påmelding.
-
Konsert med Tore Frøyshol og Rasmus Solem