-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.
Plan for friluftslivets år 2025:
Med stolthet kan me presentere denne planen for Friluftslivets år 2025!! Bygland Frivilligsentral og Bygland kommune gjeng dette året saman med gode frivillige krefter, og kan tilby eit program for heile 2025! Programmet inneheld kvar månad ein til to aktivitetar som er i friluftslivets ånd. Alle aktivitetar er gratis å deltake på. Før kvar hending, vert det annonsert med eige annonsar på sosiale media, heimeside og bygdenytt. Nokre vil krevje påmelding, og i dei tilfella vil ein kunne melde seg på denne sida. www.byglandfrivilligsentral.no.Først ut var «heile noreg bålar», der totalt 120 stykk møtte opp rundt bålet ein vinterkveld i Januar. Me håpar på framleis godt oppmøte, og trur og håpar me har noko for einkvar.
OBS: Me tek noko atterhald med omsyn til ver. Det kan bli endringar på dato.

Del på:
-
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.
-
Bygland Frivilligsentral får 300 000 kroner til «Noko gøy i sommar!»
Bygland Frivilligsentral har fått 300 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til sommaraktivitetar og sommarjobb for ungdom i BUA Bygland.
-
Opning av BUA boks Åraksbø
Opningsfest i høve BUA bokser-Åraksbø 8 Mai, kl 16.30!
-
Språkcafe