-
Noko gøy å gjere i sommer!
BUA Bygland og Bygland Frivilligsentral er stolte over å kunne seie at me har no moglegheit til å tilby barn og unge aktivitet kvar dag i veke 26, 27 og 28! Aktivitetane vil variere, og det kjem deltaljert plan. Men spel, vsandvolleyball, SUP, kano, fjelltur, fotball, mat på bål, og karaoke er moglege stikkord. Sjå under for påmelding.
Bygland Frivilligsentral koordinerer TV-Aksjonen 2024-Saman for små heltar
Årets TV-aksjon gjeng til Barnekreftforeninga, som skal etablere familiehus ved universitetsjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman i den tida barnet får behandling. No kan melde deg som bøsseberar. Sjå under for link!
Me legg opp til bøssehenting og levering både på Bygland og på Byglandsfjord. Her vil du og få kake/ vafflar/kaffe/te gratis!
Me håpar at mange vil melde seg til ÅRETS VIKTIGASTE SØNDAGSTUR den 20 Oktober.
Dersom lag og foreninger også bil bidra, vert me veldig veldig glade for det. Kva du kan bidra med kan du få tips til her: Organisasjoner | NRK TV-aksjonen 2024 (tvaksjonen.no)
Du kan melde deg som bøsseberar her:
Meir info finn du her: Engasjer deg! | NRK TV-aksjonen 2024 (tvaksjonen.no)
Del på:
-
Konsert med Tore Frøyshol og Rasmus Solem
-
Sei hei til Balto-Vår nye besøkshund!
Balto og eigaren Maiken, ønskjer no å byrje som besøksven eller rettare sagt besøkshund! Me ønskjer dei båe hjarteleg velkomen som frivillige!
-
Vil du som er frivillig tilknytt Bygland Frivilligsentral vere med på frivillig-laget i dytt.no?
Last ned appen, og legg inn koden "Bygland2025" og send så eit ja på sms til 94510770 for å bli med i laget.