-
BUA Bygland og Framsteg 4H arrangerer gratis tur til Brokke i vinterferien!
Tur til Brokke for ungdom
Siste sundag i vinterferien reiste vi til Brokke med 20 ungdomar. I tillegg var 10 stk frå 4H med, så vi var ein stor og fin gjeng på tur.Dei fleste hadde lånt utstyr i BUA og alle var klar for ein fin dag på ski. Vi fekk litt startproblem med bussen og blei difor litt forseinka, men ca. kl. 10.30 var alle i gang i bakken!
Vi grilla hamburgar på bålpanna og alle fekk ei brus. Det tok tid før nokon hadde tid til å ete, for dei hadde det så gøy i bakken.
Kl. eitt hadde Håkon Nordgarden eit lite kurs i parken for dei som ville prøve seg på litt triksing på ski. Tusen takk til Håkon 😊
Det var ein glad og fornøgd gjeng som satt seg i bussen på veg heim litt over kl. fire.
Tusen takk til dei foreldra som var med og takk til dei flotte ungdomane! Vi reiser gjerne på tur med dykk att 😊
Anne og Guro 😊
Del på:
-
Bygland IL og Bygland Frivilligsentral samarbeider om tilbud om tranport til kveldskøyring i Brokke!
Bygland il og Frivilligsentralen tilbyr transport til kveldskjøring på Brokke alpinsenter kvar torsdag framover. Gjeld barn frå 6 kl.
-
Velkomen til innspelsmøte i dag kl.18.00 i kommunestyresalen på kommunehuset i Bygland.
Bygland kommune arrangerer i dag innspelsmøte til ny frivilligpolitikk, med Bygland Frivilligsentral som møteansvarleg. Alle lag og foreninger i Bygland kommune er velkomne!! Bygland kommune skal utvikle ein frivilligpolitikk, som skildrer kva frivillig liv me har, kva me kan samarbeide om og kva kommunen kan tilby.
-
Julegåvetrea er snart på plass!
Jolegåvetreet: Jolegeåvetrea kjem opp denne veka. På trea heng det lappar med ynskje som du kan oppfylle. Sjå under for korleis du kan gje ei ei gåve eller ønskje deg ei gåve.
-
Sopptur med Guide!