-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.
Tysdagscafe startar opp att!
Har du lyst å fylle dagen din med noko? Likar du vaflar? Har du lyst på nokon å prate med?Annankvar veke vil det igjen vere cafe på Frivilligsentralen. Det vil verte servert vafler, og kaffi.
Cafeen startar klokka tolv og varer om lag to timar.
Den gode samtala, kanskje den tullete samtala, her kan du få båe delar!
Vart du nysgjerrig? Kom då vel!
Dette er for alle!
Her finn du oversikt over kva for dagar det er cafe. Første dagen er 8 Februar.
Del på:
-
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.
-
Bygland Frivilligsentral får 300 000 kroner til «Noko gøy i sommar!»
Bygland Frivilligsentral har fått 300 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til sommaraktivitetar og sommarjobb for ungdom i BUA Bygland.
-
Opning av BUA boks Åraksbø
Opningsfest i høve BUA bokser-Åraksbø 8 Mai, kl 16.30!
-
Språkcafe