-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.
Utstyrsentralen er framleis open..trass alt!
Snøen lavar ned, og me har det du treng til å bakse i snøen!På tross av strenge smittevernreglar, held me på utstyrssentralen open framleis. Me følgjer sjølvsagt smittevernplan, med gode rutiner for utlån og innlevering som sikrer at ein ikkje bringer smitte vidare.
Sentralen vert stadig vidareutvikla. Me har no fått inn fleire alpinski, som skal leggast ut til utlån. No kan me låne ut til fleire på same alder! Det er gledeleg! Me har også forsterka mengda med skøyter, og har no godt med størrelsar tilgjengeleg. Noko av skøytane fekk med donert, (TUSEN TAKK til deg som gav oss dette), og nokre er heilt nye. Det er nasjonalt stort trykk på skøyter no, så det har ikkje vore lett å få tak i.
Vidare har me godt med langrennsutstyr, både skøyte- og klassiske ski med feller som ikkje treng smørast. Me glider skiane hos oss, slik at gliden skal det ikkje vere noko å utsetje på.
Vil du ligge ute under stjernehimmelen har me utstyr til det og, vi har liggeunderlag som isolerer ned til -17, og reinsdyrskinn som er det aller beste for kulda. Tek du eit par soveposar utanpå kvarandre så held du kulda på avstand. Hett tips der altså.
Me har også fleire par med truger, om skiane ikkje fristar deg :-)
Vil du låne, så har me frivillige som står klar! Me har gleda av å ha fått fleire nye frivillige med på laget i det siste. Det er me SÅ takknemlege for! Velkomen til dykk!
Telefonen du skal kontakte er: 94 50 28 58 . Om du ikkje får svar med det same, kan du også sende SMS. Då tek den frivillige som har vakt kontakt med deg når vedkomande har tid. Husk at mange frivillige har andre forpliktelsar, og kan kanskje ikkje alltid stille opp når det passar deg best. :-)
Del på:
-
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.
-
Bygland Frivilligsentral får 300 000 kroner til «Noko gøy i sommar!»
Bygland Frivilligsentral har fått 300 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til sommaraktivitetar og sommarjobb for ungdom i BUA Bygland.
-
Opning av BUA boks Åraksbø
Opningsfest i høve BUA bokser-Åraksbø 8 Mai, kl 16.30!
-
Språkcafe