-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.
NYTT TILBOD: Kunstnarverkstad
Er du glad i å male, teikne eller lage ting? Går du i 1-6 Klasse? Er svaret ja, så kan du gjere akkurat det på Frivilligsentralen i frå klokka 13.00-16.30 KVAR fredag! 1-3 Klasse: 13-14.30 4-6 Klasse: 15-16.30Me ønsker at dette skal vere eit tilbod til dei som er glad i å skape noko, og nytte si kreative side.
Me har ein flott frivillig med kunstnarbakgrunn som vil vere til stades kvar gong, og hjelpe deg med rettleiing og idear.
Frivilligsentralen står for alt utstyr, når det gjeld måling, papir, papirkniv, limpistol mm. Det einaste du treng å ta med deg er noko tøy som det ikkje er så nøye med. Kanskje dine føresette har ei skjorte som ikkje er i bruk lenger? Me nytter maling som ikkje kan vaskast av.
Tidspunktet på dagen, kan tilpassast etterkvart for at det skal passe for skuleslutt for barna både frå Byglandsfjord og Bygland.
MERK: Me har 40 plassar, og me treng påmelding første gonga grunna smittevern.
Påmelding her: https://bygland.frivilligsentral.no/hendelse?kunstnarverkstad&Id=535820
Foto: pixabay.com
Det vil
Del på:
-
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.
-
Bygland Frivilligsentral får 300 000 kroner til «Noko gøy i sommar!»
Bygland Frivilligsentral har fått 300 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til sommaraktivitetar og sommarjobb for ungdom i BUA Bygland.
-
Opning av BUA boks Åraksbø
Opningsfest i høve BUA bokser-Åraksbø 8 Mai, kl 16.30!
-
Språkcafe