-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.
Me vil gjerne ha DEG med på laget-me lagar Jolestemning saman!
Kvart år stend Frivilligsentralen med gode frivillige for montering av Jolelys i sentrum. Du kan vere med å bidra i dette!! Det er viktig å ljose opp ei elles mørk tid. Me markerer på denne måten at jola nærmer seg, og me vil bidra til at sentrum skal vere ein hyggeleg stad og opphalde seg. Me er åpne for innspel på kva meir me kan få til. Det kan DU bidra med! Me treng også frivillig bistand til jolegrantenninga, som er svært populær!Me treng frivillig som vil vere med på følgande ting:
- Montere jolelys.
- Planlegge jolebelysning.
- Demontere jolebelysning
- Planlegge jolegrantenning
- Koke jolegraut
- Servere jolegraut
- Pynte lokale.
- Rydde lokale
Du kan vele deg ut ein ting eller fleire. Alle bidrag tel!
Du kan melde di interesse her på sida eller på frivillig.no:
Del på:
-
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.
-
Bygland Frivilligsentral får 300 000 kroner til «Noko gøy i sommar!»
Bygland Frivilligsentral har fått 300 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til sommaraktivitetar og sommarjobb for ungdom i BUA Bygland.
-
Opning av BUA boks Åraksbø
Opningsfest i høve BUA bokser-Åraksbø 8 Mai, kl 16.30!
-
Språkcafe