-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.
Kajakkkurs!
Frivilligsentralen arrangerer kajakkkurs den 2 juli klokka 17.00 på Presteneset i Bygland!Frivilligsentralen vil arrangere kajakkkurs. Instruktøren er ein som har vore på landslaget i kajakkpadling, og skal lose oss gjennom kva ein bør tenkje på når det gjeld klede, sikkerheit, teknikk osv. Det vert også høve til å prøve kajakk, under rettleiing frå instruktøren.
Me nyttar kajakkane til Utstyrssentralen, men det vil også vere mogleg å ta med sin eigen.
Me har per no kun 5 kajakker, tre til vaksne og to til mindre. Den eine til barn kan ta opptil 90 kg. Det betyr at me må dele opp i bolker av 15-20 minutt praktisk øving slik at alle får prøve seg. Tre påmelde tek med seg sin eigen.
Totalt hadde me 20 påmelde. Ein har trekt seg, så det er enno plass.
Del på:
-
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.
-
Bygland Frivilligsentral får 300 000 kroner til «Noko gøy i sommar!»
Bygland Frivilligsentral har fått 300 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til sommaraktivitetar og sommarjobb for ungdom i BUA Bygland.
-
Opning av BUA boks Åraksbø
Opningsfest i høve BUA bokser-Åraksbø 8 Mai, kl 16.30!
-
Språkcafe