-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.
Laurdagsklubb med overnatting ute!
Me har fått godkjenning for å setje i gong Laurdagsklubb att. Denne gong med ny vri. Vi er på Presteneset og vi overnatter! Du som er mellom 13-18 år: Set av 19-20 JUNI!Frivilligsentralen lagar til Laurdagsklubb 19-20 Juni.
Denne gonga med overnatting på Tangen på Presteneset frå kl. 17.00 laurdag til kl. 11.00.
Me har telt/lavvo/hengekøyer/gapahuk. Du må ha med sovepose,liggeunderlag og varmt tøy.
Me spanderer: grillmat, snacks og drikke samt frokost dag 2.
Me vil forsøke å arrangere KAJAKKKURS. Me har kajakk, kanoar, SUP, volleyball, fiskeutstyr….
Pga. korona viruset må me ha påmelding. Påmelding kan gjerast på
sms til 945 10 770, eller på post@bygland.frivilligsentral.no innan 17 Juni.

Del på:
-
BUA Bygland med sommaraktivitetar for barn
BUA Bygland byr på sommaraktivitetar for barn og ungdom i vekene 26 - 28. Dei vert på Prestneset på Bygland, og ved Vassend på Byglandsfjord Veke 26: Onsdag til Fredag (Bygland) Veke 27 og 28: Mandag til Fredag (Bygland, Byglandsfjord) OBS: det vert ikkje aktivitet på Byglandsfjord i veke 26, då det er idrettskule med otra il den veka. Påmelding kjem.
-
Bygland Frivilligsentral får 300 000 kroner til «Noko gøy i sommar!»
Bygland Frivilligsentral har fått 300 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til sommaraktivitetar og sommarjobb for ungdom i BUA Bygland.
-
Opning av BUA boks Åraksbø
Opningsfest i høve BUA bokser-Åraksbø 8 Mai, kl 16.30!
-
Språkcafe