-
Aktivitetsdag for ungdom i haustferien
Laurdagsklubb-vert utsett
Laurdagsklubben som var planlagt no den 16 Mai vert utsett. Neste Laurdagsklubb vil me forsøke å gjennomføre den 20 JUNI.Det var i utgongspunktet meininga å arrangere Laurdagsklubb no førstkomande laurdag.
Det er mange hensyn og regler som må vere på plass for at ein skal gjennomføre ei slik hending. Enno er det usikkert i veret, og ein kan ikkje vere sikker på at ein kan arrangere ute, noko som hadde gjort ting lettare.
Me må difor med tungt hjarte opplyse om at denne hendinga no vert avlyst, fordi me ser ikkje at me klarer å overhalde alle reglane og retningslinane. Laurdgasklubben er basert på innsats frå frivillige. I samråd med desse, har me vore einige om at me heller venter til neste gong det er planlagt, den 20 uni. Me satsar då på at me kan vere ute...og kanskje er det også andre regler og reningsliner når den tid kjem.
Me beklagar så mykje! Me vil så gjerne bidra til at ungdomen vår har det bra, og har noko å finne på i helgane!
Me håper me sjåast den 20 JUNI!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
Del på:
-
Måndagscafe med besøk av ordføraren
-
Teppebowls 10 år
No feirar Teppebowlsen ti år. Saman med Bygland Pensjonistforening vil me markere det med ein eige kveld!
-
Friskus- Bygland sin nye foreningsportal og nyheitsside- Bli med på opplæring den 22.09!
Vil de bli meir synlege og nå ut til fleire innbyggjarar i Bygland? No inviterer Bygland kommune lag og foreiningar til ei hyggeleg og praktisk opplæring i Friskus aktivitetsportal. Friskus skal bli ein felles stad der innbyggjarane enkelt kan finne ut kva som skjer i Bygland – aktivitetar, arrangement og tilbod for både barn, unge, vaksne og eldre. Portalen blir også synleggjord i kommunen sin nye kommuneapp, og kommunen ønskjer å gjere aktivitetane denne hausten godt kjende for innbyggjarane.
-
BUA bokser til Bygland
Med oppstart i mai skal BUA Bygland vere med i prøveprosjekt for BUA bokser. Dette er bokser fullt med idrettsutstyr til enkelt utlån som blir satt opp på ulike plasser i kommunen.